Styggen på ryggen

Han ser eg litt for ofte i jobben min. Eg ønsker å hjelpe andre til å bli sterkare utgaver av seg sjølv. På det indre plan. Men dessverre skal det ikkje mykje til før man mister trua på seg sjølv. Litt motgang og man tror man ikkje skal nå måla man satte seg for kun nokre dagar sidan. Slik er det veldig i fitnessverda og. Det merkar eg sjølv godt det.

I jobben min merkar eg det personlig mindre. Eg har jo så klart utfordringer eg og, som alle andre, men eg lærer av all motgangen eg har hatt, og eg blir bare ein råare, sterkare, tøffare businesscoach på den måten. Alle svakheter eg har blir mine styrker! Det er ganske fascinerande!

img_6843

Når det gjelder fitnesslivet, er eg meir usikker. Men samtidig veldig sikker. Eg er sikker på at eg kan klare alt eg bestemmer meg for. Men så er det han «Styggen på ryggen» som seier at eg kan jo bare la vere å trene i dag, for denne kroppen blir ikkje noko strammare uansett. Eller han seier at eg kan jo spise det godteriet vi har igjen fra helga på mandagen, slik at vi får det ut av huset, for eg kjem ikkje til å minske på cm denne veka likevel.

Styggen på ryggen er vår begrensa tankegang. Han som minner oss på at vi kanskje ikkje er gode nok likevel. Det vi må gjere er å få han sjeldnare på besøk. Det er vel ganske umulig at han aldri skal komme innom, men om vi kan gjere visittene hans sjeldnare, kortare og minst mulig smertefulle, så er vi godt på vei!

Styggen på ryggen begrenser våre ferdigheter og våre muligheter. Skjønner dere kor alvorlig det faktisk er? Veit dere at vi kan bli så suksessfulle, så fit, så rike, så glade, som VI bare vil??! At vi KAN klare alt vi drømmer om?! Men vi må jobbe for det. Vi må jobbe med vår tankegang. Vi må jobbe med vår tru på oss sjølve.

IMG_6333

Om du klarer å fokusere på DINE drømmer, det som er riktig og viktig for DEG, kan du gjøre absolutt alt. ALT. Men korleis? Ved siden av å lese bøker om sjølvutvikling og prøve seg på utfordringer, altså gå ut av komfortsonene dine og gjere ting du egentlig ikkje tørr (fordi du har begrensa tru på deg sjølv), kan du lære deg å vri den negative tanken til noko positivt. Dette kan du bli ein mester på med litt øving.

Eit eksempel:

Du mister mobilen din.

Positiv tanke: «Då lærer eg å ta bedre vare på tingene mine.»

Positiv tanke: «Då må eg ta kontakt med mange bekjente og venner igjen og eg får bedre oversikt over nettverket mitt.»

Kjelde: https://suksesser.wordpress.com/artikler/limiting-beliefs-begrenset-tankegang/

IMG_4890

Eit anna eksempel:

Dette er noko eg har gjort sjølv. Då eg var på mitt største ville eg ikkje ut av huset. Men eg visste at eg måtte komme meg ut og gå tur for å føle meg bedre og begynne på den lange reisa mot ein sunnare kropp. Eg trudde alle tenkte stygge tankar om meg, om at eg var så tjukk, at eg ikkje måtte spise så mykje osv. Det er grusomt å føle seg slik, og eg har jo skjønt no at folk tenker jo egentlig mest på seg sjølv, så eg hadde nok lite å frykte. Men det eg gjorde når eg var ute og gjekk tur var at eg fokuserte på naturen og alt anna rundt meg, enn den personen som kom imot meg og hadde, i følge meg sjølv, fæle tankar om meg. For meg vart det meir overlevelig å gå tur då, og med litt øving blei det enklare og enklare. Eg tenkte for eksempel på at blada på trærne var så fine når det var høst, og at det var nydelig solskinn osv. Det høyrast kanskje banalt ut, men det funka for meg. Eg vinkla negative tankar om til positive tankar.

IMG_4889

Skal du få færre besøk av Styggen på ryggen, må du investere tid i sjølvutvikling, og du må få bedre vaner enn det du allerede har. Begynn i det små. Kva er den verste vanen du har? Korleis kan den gjerast  bedre eller byttast ut med ei bedre vane? Ting tar tid, og det skal det gjere. ALLE GODE TING TAR TID. Hadde det vore enkelt hadde alle gjort det. Husk på det.


Dette var dagens preken fra meg. Eg jobbar dagleg med mine tankar. Eg skriver kvar morgen kva eg er takknemlig for. Eg ser motivasjonvideoar på YouTube, der eg funne mine favorittar. Eg høyrer på min powersang, og startar dagen på ein meget god måte. Kvar kveld skriver eg alt eg har fått gjort den dagen, og stort sett har eg fått gjort mykje som eg ellers kanskje lett hadde gløymt. Eg planlegger dei viktigaste tinga og gjøremåla eg har dagen etter. Akkurat no tar eg i tillegg eit 21 dagars mindset shift-kurs. Eg gleder meg til å sjå kva dette kan gjere for meg. Eg slutter aldri å utvikle meg, og eg blir aldri utlært. 🙂

Skrevet av Anita, LA Lifestyler.

One Comment on “Styggen på ryggen

  1. Pingback: Veke 29: BIKINIFITNESS – Ting tar tid – Anita Veberg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *