Updated on januar 23, 2018
Det avgjerande styrkeløftet
Dette var overskrifta på ein artikkel høsten 2014. Ein artikkel der eg delte mykje av meg sjølv.
Det at eg velger å vere ein som deler er mykje på grunn av at eg ønsker at andre skal både vite den lange vegen eg har gått, kva man kan gjere for å komme dit man vil, og fordi eg vil gi andre ein type inspirasjon som kan vere til fordel for dei. Når eg får meldinger fra kjente og ukjente mennesker, om at dei no blir inspirert til å gjere ei endring, gjer det heile så verdt det. Det at eg kan dele av både min motgang og framgang og vise mykje av meg sjølv og det gjer til at andre kan forstå at det er mulig for dei å gjere ei endring er fantastisk! Det at dei får tru på at dei kan bli bedre versjoner av seg sjølv og tørre å gjere meir ut av det eine livet vi har, det livet vi har fått i gave. Det å dele gjer meg sterkare som person, eg våger å stige ut av komfortsonen relativt ofte via skrivinga mi, og eg veks i sjølvtillit og personleg utvikling. Eg hadde aldri vore der eg er i dag hadde eg ikkje vore åpen og ærleg om mine utfordringer. Så min anbefaling til deg er å DELE. Del med verden og du vil få tilbake.
Eg ønsker å dele mine 10 tips for varig livsstilsendring, som eg og delte i den artikkelen.
1.Jobb med deg sjølv mentalt. Prøv å snu tankegangen og tenk positivt! Lær deg triksa. Les bøker om dette.
2.Søk hjelp frå ekspertar. Anten det er frå psykolog, personleg trenar eller nokon som har greie på kosthald. Det kan vere vanskeleg å finne ut av alt på eiga hand.
3.Få nok søvn. Kutt ned på TV-sjåinga om kvelden og legg deg tidlegare. Mykje søvn er viktig.
4.Stress ned! Stress er ein dårleg kombinasjon for både kropp, sinn og vekt. Vel ut kva som er viktig for deg å få gjort, og dropp det mindre viktige (for eksempel kan vel vask av huset vente til ein dag du har meir overskot eller tid)
5.Et nok og et reint. Kutt ned på ferdigprodukt og lag mat frå botn av.
6.Lag deg klare mål og prioriter dei. Kva er viktigast? Å ete smågodt kvar kveld eller gå ned 10 kg?
7.Bortprioriter det som kan øydelegge framgangen din. Eg tok eit halvt år utan sukker, og etter det var det lettare å halde meg til sukker ein gong i veka.
8.Finn ei treningsform du likar. Når du gler deg til trening er du kome kjempelangt.
9.Gå ut av komfortsona. Då kjem resultata.
10.Bli glad i deg sjølv.
Heile artikkelen kan du lese HER. (Bla til side 26)
Kva for nokre punkter er du villig til å legge til din daglege rutine? Kva med å tenke i den retning at istaden for å måtte kvitte seg med uvaner, kan man heller legge til gode vaner? Kva for eit punkt kan du jobbe vidare med av desse 10? 🙂
Skrevet av Anita Veberg.
Updated on januar 23, 2018
DO IT NOW!
Om eg fortalte deg at du kjem til å vere akkurat den same personen, på akkurat same sted i livet, med akkurat dei same, begrensande tankane, om 5 år, om du ikkje gjer noko no? Ville du ikkje då gjere noko meir?
Om 5 år er eg 39 år. Eg blir 34 år neste måned, så eg er altså 39 år om 5 år! Nesten 40 år. Bang! Det slo meg det altså. Kor gamal er du om 5 år?
Ønsker du å vere ein bedre person då? Ein som bidrar meir? Ein som har det bedre med seg sjølv? Ein som trivast og er lykkelig? Fornøgd med livet og valga som er tatt? Eg vil iallefall det, og eg er nok langt fra den einaste.
-Kva er det som holder deg tilbake? Kva er din største begrensa tanke som holder deg igjen?
-Om du fortsetter å holde på denne begrensa tanken dei neste 5 åra; Korleis vil det begrense din framtid?
Då det gjekk opp for meg at eg kan føle meg nett som eg gjer no, om 5 år, om eg ikkje gjer noko, då blei eg kjempelei meg. Eg NEKTER å vere der eg er i dag, om 5 år. Ikkje at eg har det fælt eller er ulykkelig, nei nei nei, det er ikkje det som er problemet. Eg vil utvikle meg, eg vil lære, eg vil trene meir, eg vil bli meir fit, eg vil bidra meir, eg vil tjene meir, eg vil vere meir.
Så no må eg STEP UP MY GAME!
Det er VELDIG ofte folk ikkje vil vere med på CrossFit, fordi dei ikkje er «fit» nok enda. Men det er deira begrensa tankegang som snakker, deira sjølvfølelse som trakker dei ned! ALLE kan trene CrossFit! Eg har elendig kondis, og eg klarer ikkje meir enn 1 pullups, og eg klarer iallefall ikkje å klatre i tau eller handstand. Men eg trenger ikkje å kunne det for å starte! Kva skulle eg då lære av nye ting, om eg ikkje tør å starte FOR å lære??
Vi kan ikkje vere redde for å starte. ALLE har ein gong vore ein nybegynner! Eg trur folk har lett for å gløyme dette. Det er ikkje meir enn 4 år sidan eg aldri hadde løfta vekter. No er det ein av mine største lidenskaper og eg elsker å trene styrkeløft.
Ønsker du at trening skal vere ein del av ditt liv? Då må du starte. Vær ein nybegynner og godta at det er ok å vere ny. Du er der for å lære, RESPEKT! Kom deg ut og gjer noko, ellers er du på stedet hvil om 5 år.
Mitt mål når eg er 40 år er å vere i mitt livs beste form, vere det beste forbildet for mine barn eg kan vere, både med tanke på trening, sunt liv og som karrierekvinne og businessmamma. Ikkje la frykten styre deg, våg å tørre, og våg å vere ny.
Uansett kva DU vil, gjer det! Er det noko innanfor trening, så book 1 time og begynn denne veka, ikkje vent! Ønsker du å forandre jobb, ikkje sitt på laurbæra og vent, gå ut og leit etter muligheter! Vi kan ikkje vente, vi lever kun ein gong.
Kor er du om 5 år?
Skrevet av Anita Veberg