Bikiniakademiet

Happiness is being a team.

Og for eit team Bikiniakademiet er. Det er virkelig heilt forbløffande kva for ei kraft det er i å vere eit dynamisk team der man jobber mot dei same måla. Goalgetters som samlar seg og som velger å satse alt på ein drøm om å bli eit sterkare, tøffare og friskare eg. No har jo eg erfaring fra forrige Team LA Lifestyle, april – oktober 2016, der vi var 15 jenter som fekk coaching og hjelp av Lene Alexandra og co. Vår private facebookgruppe var dagleg i bruk, og med mykje inspirasjon, råd og tips, spørsmål og svar og delte erfaringar. Vi følte vi kjente kvarandre godt, ved å ha så mykje dagleg kontakt, sjølv om det kun var skriftleg i starten. Og når man får muligheten til å møtast fleire gonger på 6 månadar, blir man glad i kvarandre og får virkelig kjenne på det å vere eit team og vere saman om målet. Sjølv om nokre ikkje stiller i konkurransar, jobber alle mot eit mål om bli ein bedre versjon av seg sjølv via trening, sunn kost, mental trening og helsebringande livsstil. Gode vaner, effektiv trening, sunn matlaging fra bunn, meir sjølvsikre, vi blir meir fornøgde med oss sjølv, derav gladare i den vi er og mykje meir.Denne gongen, desember – april er vi heile 35 jenter som får vere med i Bikiniakademiet. Fleire coacher har det blitt, og desse er rå damer, og vi har og LA-ambassadører og fadrar, blant anna fra forrige team. Vi er i dagleg kontakt med kvarandre på vår facebookgruppe, og man blir inspirert av kvarandre. Å vere eit team, med så mykje positivitet, giv og entusiasme, det er virkelig happiness det. Jentene som er med denne gongen virker så fabelaktige alle saman, og i januar skal alle møtast for første gong! Nokre av desse har allerede møtt kvarandre, då våre hjelpsomme coacher tilbyr fettprosentmålingar. Nokre har og vore på Buttlift-timen til Lene Alexandra, og nokre har og fått trena ei eller fleire bikinifitness-økter saman. Teamspirit på høgt nivå her altså! Denne gongen er det 3 samlinger slik som forrige gong. Dette går over ei helg, både lørdag og søndag. Det første treffet er i januar, det neste i februar og det siste i mars. Men så kjem mange av oss og til å møtast ved konkurransane og diverse. På samlingane gjennomgår vi tema som er både nyttig og spennande. Vi har interessante foredrag, og ikkje bare relatert til fitness, men også tema som gjer oss til meir sjølvstendige damer som tåler ein trøkk. Vi får og informasjon om sjølve konkurransane som er ein veldig god trygghet for dei som skal stille. Vi har poseringstreningar, noko som er kjempeviktig for dei som skal på scena, og det er veldig inspirerande å føle seg feminin med ein sexy gange. Photoshoots er vi og med på, og vi får og bildene i etterkant. Beauty-dag hadde vi og forrige gong, eg veit ikkje kva planer Lene og co har denne gongen, men  kan jo godt hende det blir noko denne gongen og.  Når man bur på Vestlandet i lille Førde (nokre fra Førde og omegn som les bloggen?? Si hei i kommentarfeltet da vel!!) og ikkje har så mange rundt seg som spiser fra matbokser, trener før resten av Noregs land har stått opp og som har eit stort fitness-mål i sikte, så er det rett og slett ein sann glede å treffe andre i same situasjon. For eit fellesskap. I matpausene under samlingane leiter alle fram matboksane sine, der veldig mange har investert i ein 6pack matbag, spesielt designa for fitness-entusiastar, der bagen har kjøleelement og plass til fleire matbokser. Planlegging og disiplin er eit must under diett, og ein slik bag gjer det utrulig mykje enklare for mange. Etter matpauser er det fram med høghælte sko for poseringstrening, eller kanskje joggeskoa må på for ei treningsøkt.  Om du lurer og funderer på om dette er noko for deg, så kan eg fortelle deg at ja, det er det sannsynligvis. Om det så bare er innom tankane dine, at du kunne kaaaaanskje tenke deg å vere med på Bikiniakademiet ein gong, ja da må du bare ta sjansen og søke. Dette er noko du aldri, aldri vil gløyme, du vil lære deg sjølv å kjenne i ein heilt ny skala. Du lever kun ein gong, kvifor skal du ikkje prøve, teste, tørre alt du begjærer? Vi er alle nervøse og spente når vi møtast første gong, eller når vi har fått bekrefta plass på Bikiniakademiet. Men det er ein opplevelse for livet som vi IKKJE ville vore foruten.

Om du lurer på meir angåande LA LIFESTYLE, om dei ulike fitnessprogrammene, webcoaching, treningsreisene Lene Alexandra tilbyr eller andre ting, stikk innom LALIFESTYLE.NO

–  In the end, we only regret the chances we didn´t take –

– Anita, LA Lifestyler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *